Featured Video Play Icon

Eit slags standupteater. Camara Joof har saman med regissør Kai Johnsen utvikla ei framsyning som kretsar kring hendingar i hennar eige liv, der ho har kome til kort eller gått for langt.
Framsyninga er ei personleg reise gjennom eit kulturelt vegkryss, frå ungdomstid i Sandefjord, via formande år i Oslo, ut i verda, og tilbake igjen. Tekstane handlar mellom anna om kva blikk vi ser kvarandre med, om språk og makt, og om korleis verda formar identiteten din.

Pavlovs Tispe er inkludert i repertoaret til Norsk scenekunstbruk.

Foto, intervjuer og redigering: Vibeke Heide.
Produsent for teaseren: Norsk Scenekunstbruk AS